Andre plass på Natrudstilrennet

Kristine Hjellbakk Hole i godt driv i løypene under Natrudstilrennet laurdag 14. desember. (Foto: Hans Hole)

Langrennsløparen Kristine Hjellbakk Hole kom på andre plass i Natrudstilrennet på Sjusjøen laurdag i 5.0 km. fristil.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL går ved NTG – Lillehammer, og trenar langrenn. Laurdag deltok ho i sitt andre større langrenn denne vinteren, og i løypene på Natrudstilen ved Sjusjøen vart det ein sterk andre plass på 5.0 km. fri, Ho var 28 sek. bak vinnaren av K 18, Vilde Opedal, Njård Team Kollen. Maja Kjærås Moland, NTG-L/Stokke IL kom på tredje plass, eitt sekund bak Kristine. Ni jenter deltok i klassa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380