Lokalnytt

Brettar opp ermane og står på

Næringssjef Inge Bjørdal såg tilbake på mange og lange dagar for å få til hydrogenproduksjon på Hellesylt, og har framleis «oppbretta» armar.

Under lunsj-pausen i Stranda kommune fredag vart nyheita om hydrogenproduksjon på Hellesylt feira med både kake og taler.

Alle foto: Gunnar Fivelstad.

Det var litt historisk sus over dagen i Stranda kommune fredag. Nyheita om hydrogenproduksjon på Hellesylt gleda mange, ikkje minst næringssjef Inge Bjørdal. Han har lagt ned utallige arbeidstimar både i motvind og medbør, i eit prosjekt han alltid har hatt trua på.

Under samling i kommunen fredag såg han litt tilbake, til eit møte på Peer Gynt galleriet i 2016 som var starten på det heile. – Eg skulle hatt eit sitat frå Per Gynt no, det hadde passa bra til denne historiske hendinga.

Bjørdal nemnde aktørar som har vore med i arbeidet, mellom dei Sunnmøre regionråd, Flakk-Gruppen, Tafjord Kraft, Stranda Energi, og Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden.

-Vi set alle av oss fotavtrykk. I det siste har vi sett at Geiranger får dårleg rykte grunna forureining spesielt frå cruiseskip, men heller ikkje ferjene er uskuldige. No kan vi få ferjer som går på hydrogen utan å forureine, og i tillegg får vi ny industri på Hellesylt så dette er bra.

Vedtaket om hydrogenproduksjon på Hellesylt kom litt overraskande, men desto meir gledeleg. Dette vil få gode ringverknader for mange også for skipsverft og industri utanfor kommunen. Vi skal stå på vidare, vi skal brette opp ermane slik Flakk-Gruppen skriv i ein e-post i dag. Det har eg allereie gjort, sa næringssjef Inge Bjørdal.

Smilet var på plass etter dagens nyheit. Og ordførarJan Ove Tryggestad til venstre hadde både gode takkeord og kake til markeringa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380