Lokalnytt

Det skjer i veke 51.

Solsnubading har blitt tradisjon på Hellesylt. Her i snøver for nokre år tilbake.

Veke 51, den siste før juleveka er alt i gong. Ein liten oversikt over noko av det som skjer viser julelotteri på biblioteket, kommunestyremøte, skuleavslutning, og solsnubading på badestranda.

Tysdag 17. desember har Sunnylven bibliotek langope og sal av snurrelodd i det siste julelotteriet i år. Der kan ein også få kjøpt vaflar, kaffi og saft, og sjølvsagt låne bøker. Ta gjerne ein tur innom og støtt biblioteket, Sunnylven treng det.

Onsdag 18. desember er det kommunestyremøte på Stranda med fleire budsjettsaker, men også andre viktige ting som vedkjem Sunnylven, grunnkjøp av eit 14 dekar stort byggefelt i området Reset, og fastsetjing av planprogram for detaljreguleringsplan nytt hotell på Ljøen. Etter det vi kjenner til blir kommunestyret også orientering om planane for produksjon av Hydrogen på Hellesylt.

Torsdag 19. desember er det juleavslutning på Sunnylven skule. Opplegget blir nok det tradisjonelle med litt program av elevar i dei ulike klassestega, og deretter song og gong kring juletreet før litt bevertning til slutt. Vi gler oss! Fredag 20. desember kl. 09.30 er det skulegudsteneste i Sunnylven kyrkje.

Dei neste dagane må siste rest av julehandelen gjerast unna, men butikkane på Hellesylt har ope både måndag, og nokre timar på julaftan.

Søndag 22. desember er det Vintersolkverv, og klokka 05.19 «snur sola» blir det sagt. Hellesylt UL har gjort det til tradisjon å markere dette, og 22. desember blir det «Solsnubading» på badestranda på Hellesylt mellom klokka 11.00 og 13.00. Tidspunktet er flytta fram to timar grunna flo og fjøre sjø. HUL håper på mange friskusar i badedrakt og serverer gratis gløgg, pepperkake og varm saft til alle.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380