Det skjer på Hellesylt i veke 50.

Den store vedomnen varma godt då fyrste og andre klasse ved Sunnylven skule var innom gamleskulen fredag, Ein skuletime med forteljingar som elevane ønska varte lenger.

På Hellesylt blir det arrangement med lotteri, julemusikk og ølsmaking på laurdag. Søndag er det konsert i Sunnylven kyrkje. I tillegg har lokale butikkar gode handletilbod.

Nissespeling

Laurdag kjem nissekorpset til Hellesylt. Store og små musikantar frå Sunnylven skulekorps i nissedrakt blir å høyre i og ved både Coop og Joker rundt klokka 14.00. Før det skal nissekorpset innom Sunnylven skule og få seg nissegraut med både rosiner og kanskje ein mandel i. Ta på nisselua og møt fram for å høyre korpset med tidlegare, og sju «nye» unge musikantar, og synge med i kjende julesongar.

Restgevinstar

Laurdag blir det i samband med nissespelinga sal av restlodd frå juletombolaen til Sunnylven skulekorps. Ikkje mange, men nokre fine gevinstar stod igjen etter tombolaen så laurdag kan loddkjøparar sikre seg dei. Leiinga i skulekorpset håper mange kjem for å høyre korpset spele og kjøper lodd.

Gamleskulen opnar.

Om det blir kaldt og vinterleg på Hellesylt laurdag kan ein ta turen innom Gamleskulen til julelotteriet. Der vil den store vedomnen varme godt. I skulestova er det også i haust gjort nokre utbetringar med meir elektrisk installasjon mellom anna på loftet. Gamleskulen opnar kl. 12.00 og i tillegg til snurrelodd blir det sal av kaffi og vafler.

Ølsmaking

På Hellesylt Boutique & Bar er det påmelding til ølsmaking laurdag 14. desember. Frist er onsdag 11. desember på sms til 405 16 535. På laurdag veka etter er det «Pils, peis og prosecco» på same stad.

Julekonsert i kyrkja.

Søndag kveld 15. desember er det julekonsert i Sunnylven kyrkje. Der har gode song og musikkrefter gått saman og laga eit musikalsk høgdepunkt som mange bør få med seg no i førjulsstria. Mellom deltakarane finn vi Hellesylt songlag, Joyful, Sunnylven skulekorps, Felegruppa og andre frå Kulturskulen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380