Lokalnytt

Dugnad for siste utsiktsrydding

Tidlegare har det blitt utført utsiktsrydding fleire stader, som her på bildet nær Fløtehølen i Korsbrekkeelva. Området bak omsorgssenteret er det siste i denne omgang.

Komande laurdag håper Sunnylven IL på mykje god hjelp når siste feltet med krattskog skal ryddast i skråninga bak Sunnylven omsorgssenter. Tilskotet for siste utsiktsrydding går til idrottslaget.

Leiar i Sunnylven IL Per Ingebrigt Karbø oppmodar og håper mange stiller på dugnad laurdag 7. desember frå klokka 10.00. Det er innspurten i utsiktsryddinga av nærområdet kring Hellesylt, denne gongen siste del av området bak Sunnylven omsorgssenter. Karbø håper på hjelpe, for tilskotet for jobben går til Sunnylven IL.

Under dugnaden blir Per Amund Frøysa til stades og organiserer dugnadsfolket. Ta gjerne med motorsag til felling, men husk verneklede, seier idrottslagsleiaren. Krattskogen som blir saga ned skaol ikkje fraktast vekk, men skal samlast i dungar i området, det blir godkjent, seier Per Ingebrigt Karbø.

Så still på dugnad laurdag 7. desember frå klokka 10.00 og gjev idrottslaget ei førjulsgåve, det siste tilskotet frå fylket for utsiktsrydding i nærområdet til Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380