Lokalnytt

Gildt julegilde i pensjonistlaget

Desserten er komen på bordet.

Julestjerne og juletre var på plass, og tre lange bord var pynta til festsamvær då Sunnylven pensjonistlag inviterte medlemer til julebord på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag.

Som alltid vart det hyggelege timar med både program, song, servering og lotteri då 80 av Sunnylven pensjonistlag sine over hundre medlemer var samla til det årvisse julebord onsdag.

Jula kjem

Astrid Langeland har vore leiar i Sunnylven pensjonistlag dei siste seks åra. Ho ønska alle vel møtt og tok fram noko av det som burde gjerast til jul. Men det var ikkje alltid nødvendig å stresse så mykje. Sjølv hadde ho vore innom ein butikk og supplert julebaksten med kjøpte kaker, og det også gjekk fint. Og uansett kva vi gjer og ikkje så kjem jula, sa Astrid og la til;

-Vi bur i eit trykt og godt land og med eit styringssystem som tek vare på oss. Det viktige er at vi bryr oss om kvarandre, så takk til dokke alle som gjer ting for at vi skal bu i ei god bygd.

Velsmakande

Julebordsamlinga baud på allsong i fleire av dei kjende julesongane, og med Bjarne Sjåstad ved pianoet. Festen opna med Glade jul, som like godt vart bordverset. For presis til avtalt tid kom julemiddagen på bordet, levert frå Stryn. Her var det beste av poteter, surkål, kålrotstappe, pølser, pinnekjøt og ribbe. Alt smaka fortreffeleg, ikkje minst pinnekjøtet som var levert av Ole Ringdal AS, fekk vi oss fortalt. Og etterpå var det dessert av karamellpudding, riskrem og kaffi. Det er lett at ein forsyner seg i meste laget av slik velsmakande servering.

Asbjørn Tryggestad las både dikt og ei gripande juleforteljing under programdelen på julebordet. Her saman med leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland.

Framleis sunnylving

Programdelen under julebordet tok Asbjørn Tryggestad seg av. Tryggestad har namnet sitt frå barndomsgrenda i Langedalen og er kjent av sunnylvingar, mellom anna som programleiar under Sommardagar på Hellesylt. Han var raus med å skryte av Sunnylven og folket, han kjende seg som sunnylving sjølv om han i 55 av sine 70 år har budd utanfor bygda, sa han.

Skomakaren Panov

Tryggestad som bur i Sula har entra talarstolen på pensjonistlaget sine arrangement tidlegare, siste gong som rallar med hatt og feisel. Denne gongen hadde han leita fram dikt av sin favorittdiktar Finn Sandum, og ei juleforteljing av den kjende russiske forfattaren Leo Tolstoy. Historia handla om Papa Panov, den gamle skomakaren som var åleine og som sat å venta at Jesus skulle kome forbi huset hans. Ei vakker forteljing som rørte mange.

Gevinstbordet for åresalet var stort og mykje juleprega som det seg burde vere .

Takka leiaren og styret

Til slutt var det åresal , og eit stort antall gevinstar vart delt ut til heldige vinnarar. Men før pensjonistlaget sitt julegilde vart avslutta med Deilig er Jorden, tok Knut J. Tryggestad ordet. På vegne av dei som var til stades, og alle i laget takka han styret, og spesielt Astrid Langeland for det dei hadde fått til. – Laget heldt på å bli nedlagt, men etter at Astrid tok over som leiar har det berre vakse seg stort og driftig. Eg vil på vegne av oss alle takke for innsatsen og for det vi som medlemer får vere med på, sa Knut Tryggestad, ei takketale som fekk langvarig applaus.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380