LokalnyttLokalsport

God start på langrennsesongen

Kristine Hjellbakk Hole gjekk sitt fyrste renn på Gålå denne vinteren. Det vart ein fin 13. plass i konkurranse med dei beste i K 18 i landet. (Foto: H. Hole)

Under Norgescup i langrenn på Gålå søndag 1. desember stilte Kristine Hjellbakk Hole til start i sitt fyrste renn denne vinteren. Det vart 13. plass i K 18 år.

I alt 38 av dei beste i K 18 år deltok i opningsrenn for junior på Gålå. Mellom dei var Kristine Hjellbakk Hole som går skule på Lillehammer og representerer NTG-L/Sunnylven IL. Distansen på Gålå var 5.0 km. fristil.

Kristine Hjellbakk Hole er Sunnylven IL sin einaste langrennsløpar som konkurrerer på nasjonalt nivå. Ho har gjort det skarpt i fleire sesongar, og satsar for fullt også denne sesongen, fortel ho på telefon til hellesylt.info. Tina Bøgseth er trenaren hennar på Lillehammer der trening er ein del av skuleopplegget på NTG-L. På spørsmål fortel Kristine at ho har rundt 600 treningstimar før sesongen  i år, og har halde seg skadefri.

Ho var ikkje heilt nøgd med rennet på Gålå. Det har blitt lite skitrening til no i vinter, så resultatet var ok, men så er det ikkje no eg skal vere i best form heller, seier ho. Kanskje blir det opp fleire plassar på resultatlista når Norgescup for junior startar opp andre helg i januar som blir det neste store rennet.

Før det tek skulen på Lillehammer juleferie 20. desember, og Kristine skal heim og feire jul, noko ho gleder seg til. Og vi, vi gleder oss til å følgje det unge langrennstalentet gjennom sesongen, den kan bli god.

Anna Heggen, også elev ved NTG-L Svea Skilag vann rennet for K 18 på Gålå, føre Marte Mikkelsplass, Bromma IL, og Maria Hartz Mæling, Konnerud IL. Kristine Hjellbakk Hole på 13. plass kom i mål på 15.54.7, 1.17.5 bak vinnaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380