Lokalnytt

God underhaldning på juleavslutning

Fem elevar frå 1. og 2. klasse framførte fleire songar.

Sunnylven skule hadde sin siste «heile» skuledag torsdag 19. desember, og om kvelden var det juleavslutning etter tradisjonelt opplegg. Fleire av klassestega hadde øvd inn flotte programinnslag.

Etter Sunnylven skulekorps som opna med å spele to kjende julesongane, kunne rektor Roar Seljeset fortelje om ein aktiv haust for elevar og lærarar ved Sunnylven skule. Elevane hadde hatt mange læringstimar også utanfor klasseromma med turar til Moldskreddalen, til Helsetvatnet der det var skeiseis i november, og dei hadde hatt uteskule mellom anna på Høgreiten, flata rett opp frå Hellesylt sentrum.

Til å stå for underhaldninga på juleavslutninga var det elevar frå 1. og 2. klasse, 3. og 4., og 10 klasse. Dei var få, spesielt i dei yngste klassene, men flinke sceneaktørar som mora ein fullsett sal mykje. Småskulen hadde fleire songinnslag som hadde både alvorsame og morosame tekstar. Flott framført av unge songstjerner som lett kan gjere plateinnspelingar om dei vil om nokre år.

Rektor Roar Seljeset får servert ein matrett av 1. og 2. klasse. Den fall ikkje heilt i smak.

Mellomsteget fortalde litt frå deira skuleår, mellom anna samla dei inn pengar på vaflesal til TV-aksjonen i haust. Resultatet vart 3000.- kroner.

Fantasi og mykje moro fekk elevane også ut av dramatiseringa kring ein gamle julesong. Men «Eg synger julekvad» vart gjort ære på og framført vakkert av 3. og 4. klasse.

Storskulen hadde gjort ei dramatisering av «Skavland», med fleire gjestar og sjølvsagt litt greinalause svar. Og ein karaokeversjon av ein svensk poppslager vart like dårleg som karaoke brukar å vere, så der tok elevane også det på kornet i eit artig innslag av kvikke og blide ungdomar.

Etter programmet var det som vanleg song og gong kring juletreet, og FAU serverte smørbrød med godt pålegg, kaffi og saft til alle. Elevane ved Sunnylven skule har juleferie til måndag 6. januar 2020.

Sunnylven skulekorps.
Karaoke, eit humoristisk innslag med 10. klasse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380