Godt år for Sunnylven bibliotek

Sunnylven bibliotek har hatt eit nytt, godt år, og fått inn mange nye bøker, lydbøker og filmar. Utlånet var nesten like stort som året før.
Martine Rørstad Sand er styrar ved Sunnylven bibliotek som har ope to dagar i veka. Ut frå statestikken for 2019 har det vore eit nytt, godt år, og med aktivitet som syner at bygda vil ha og brukar biblioteket. Også fleire kveldar der styret har arrangert lotteri med sal av kaffi, vaflar og kaker har blitt besøkt av mange. Sist tysdag på julelotteriet var over 30 personar innom og støtta og lånte bøker. Styret for Sunnylven bibliotek har Synnøve Sæther, leiar, og Lillian Støverstein og Oddbjørg Stadheim, styremedlemer
Martine Rørstad Sand opplyser at for 2019 har Sunnylven bibliotek registrert 439 nye bøker, lydbøker og filmar, mot 359 nye i fjor. Mange av dei nye bøkene er gåver.
Biblioteket har nesten 6000 bøker, lydbøker og filmar å velje mellom i hyllene . I år har det vore om lag hundre færre lån enn i 2018. Totalt var utlånet om lag 1300 i 2019.
Og hundre forskjellige personar lånte minst éin ting frå biblioteket i løpet av året, der nesten halvparten av lånarane var i aldersgruppa 0-12 år, med aldersgruppene 41+ og 13-19 år på delt andreplass. Det er få aktive lånarar i aldersgruppa 19-40 år, skriv Martine Rørstad Sand, og opplyser vidare;
Aktive lånarar, kjønn: For tida er det om lag 150 bøker som er utlånt, av dei er 50 bøker utlånt av gutar/menn og 100 utlånt av jenter/kvinner.
Mest populære bøker i 2019
For vaksne
Lucinda Riley: Månesøsteren
Edvard Hoem: Jordmor på jorda
Lisa Wingate: Barna fra elven
For barn
Judd Winick: Hilo
Kazu Kibuishi: Amuletten
Jørn Lier Horst: Detektivbyrå nr. 2
Andy Griffiths: Gutta i trehuset
Grøss og gru-serien til Samlaget
Elias og Agnes Våhlund: Håndbok for superhelter
Aaron Blabley: Barske bøller
Malin Falch: Nordlys
Jan Kjær: Taynikma
Kyle Mewburn: Herman Hule
Marius Horn Molaug: Verdens verste fotballag
Dav Pilkey: Kaptein Supertruse