Godt besøkt julemesse

Kjell Roset frå Gardskjøkkenet har vore på Hellesylt på fleire julemesse. Der har han alltid godt sal, sa han.

Julemessa på Hellesylt samla mange, både stand og handlande i år, langt fleire enn i fjor. Sunnylven bygdekvinneleg stod som arrangør og sa seg godt fornøgde etterpå.

Sunnylven samfunnshus hadde jamt godt besøk julemessa på Hellesylt i år. Mange kom for å sjå eller kjøpte, alt frå hudpleieprodukt, bilete, tupperware, tøyprodukt, julenek og mykje, mykje anna.

I den minste salen var kafe, og her hadde bygdekvinnelaget sal av gisengrynsgraut, kaker og kaffi. Her gjekk det unna, meir enn bygdekvinnelaget hadde tenkt i utgangspunktet. Det måtte kokast meir enn bygdekvinnelaget hadde tenkt seg utgangspunktet, så tre store gryter vart tomme. Då hadde ikkje arrangøren meir å koke av heller. Grauten med smør, rosiner, kanel og sukker var god, men kanskje bidrog også leitinga etter tre mandlane til salet. Funn av mandel vart belønna med ein marsipangris.

Populær vare var også kålrota frå Karbø. Her vart det tomt etter eit par timar. Gardskjøkkenet frå Fausadalen var på julemessa også i år, og Kjell Roset var godt nøgd; Eg sel alltid godt her på Hellesylt, sa han. Kva som gjekk mest av? Jau, det var einerøykt aure, men utvalet på salsdisken i vestibyla baud også på anna, som spekekjøt av kje/geit. Eit heller sjeldan produkt å få kjøpt, men som kveikte smaken frå «gamle dagar» med eige heimeprodusert.

Elevane ved Sunnylven skule hadde også stor stand med eit variert vareutbod. Mest populært var nok julenek som dei hadde henta inn, og ferske smultringar som det gjekk nesten 500 av.

Anne Marie Sømoen Frøysa i styret i bygdekvinnelaget tykte det gjekk godt, og dei er fornøgde med gjennomføringa, seier ho. Det blir ikkje aktuelt å endre på helga for julemesse på Hellesylt til neste år heller, men bygdekvinnelaget håper å få med seg andre i Sunnylven som arrangørar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380