Hellesylt får Hydrogenproduksjon

Hellesylt får fabrikk for produksjon av hydrogen av innestengt kraft frå tre småkraftverk. Produksjonen startar opp før 2023. Det kjem fram i ei pressemeldingar utsendt frå Flakk –Gruppen og Stranda kommune.
Etter jobbing frå fleire, mellom anna frå Stranda kommune er det klart for oppstart av eit anlegg for hydrogenproduksjon på Hellesylt. I dag kom nyheita om at Flakk-Gruppen hadde fått 37.6 mill kroner til bygging av anlegget på Hellesylt, av samla tilskot for heile landet på 95.0 mill kroner.
Arbeidet med planlegging statar for fullt i januar 2020, og produksjonen skal vere i drift seinast to år seinare, fortel Knut Flakk i Flakk-gruppen på telefon.
-Det har blitt jobba godt i frå fleire, og vi har møtt positiv haldning både frå Innovasjon Norge og Enova, seier Flakk. Han er svært nøgd med at prosjektet på Hellesylt vart vinnaren av fleire søkjarar.
Målet i fyrste omgang er å produsere hydrogen av innestengt kraft frå dei tre småkraftverka i Sunnylven, Litlebø, Ringdal og Stadheim. Grunna linjekapasitet leverer dei mindre på nettet enn kapasiteten i deler av året, spesielt om våren. No kan vårflaumen bli hydrogen.
Satsinga på Hellesylt vil i fyrste omgang vere levering til turistferjene, men Knut Flakk seier at heile nord –Vestlandet vil vere eit naturleg leveringsområde frå anlegget på Hellesylt.
Kvar fabrikken skal ligge er enno ikkje bestemt, men det kan bli i nærleiken av ein av dei tre kraftstasjonane, eller på meieritomta på Hellesylt. Når det gjeld nye arbeidsplassar blir det begrensa, men anlegget skal ha tilsyn og vedlikehald. Men det er fyrst og fremst produksjonen av ein rein energiberar som er det viktige og då i denne omgang til ferjer, seier Knut Flakk. På sikt håper og trur han at også køyretøy på land vil ta i bruk hydrogen.
Mykje jobb
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal har vore ein aktiv pådrivar for produksjon av hydrogen, og på den måten få utnytta ledig produksjonskapasitet ved dei tre småkraftverka i Sunnylven grunna for svake overføringslinjer.
–Dette er vel det prosjekt i kommunen eg har brukt mest timar på i mi tid i Stranda. Det har ikkje alltid vorte lett å nå fram, men eg har også møtt mykje positivt samarbeid, seier han. I dag er det ein nøgd næringssjef som blir gjort stas på med kake frå Stranda kommune.
Seriøst arbeid
I ein kort kommentar frå Jan Ove Tryggestad slår han fast at tildelinga av tilskotet til hydrogenproduksjon er fantastisk gledeleg. –Det er ei tydeleg stadfesting av at det som er gjort blir sett på som seriøst og grundig arbeid. No gjeld det om å finne løysingane lokalt og starte opp det som er planlagt, då kan det vere eit lite eventyr på gong for Hellesylt, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.