Julekonserten kveikte julestemninga

Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg.

Tredje søndag i advent var det julekonsert i Sunnylven kyrkje med godt frammøte, og med både lokale og tilreisande song og musikk-krefter. Dei kveikte julestemninga tidleg i Sunnylven i år.

Mange kom til Sunnylven kyrkje på den tradisjonelle julekonsert tredje søndag i advent. Kveldstimane i den gamle kyrkja vart ei minnerik stund for alle der flott song og julemusikk frå lokale og tilreisande aktørar tona ut.

Dyktige leiarar i kor og korps er der fleire av som alle vart overrekt blomster frå leiar i Sunnylven sokneråd Stig Tryggestad. Med blomane hadde han også gode takkeord til dei mange aktørane frå arrangøren Sunnylven sokneråd.

Kan bli gode

Sunnylven skulekorps er inne i eit generasjonsskifte. Fleire av dei faste gode musikarane har slutta, mellom anna på grunn av skulegang andre stader. Men skulekorpset har fått ny rekruttering av sju «nye», unge musikantar. Under julekonserten, der også tidlegare medlemer var på plass, imponerte korpset stort. Her har dirigent Trond Otto Berg gjort jobben. -Vi øver og øver på detaljer til vi får det til. Julekonserten vart god, godt jobba også av dei nye unge, dei kan bli gode på sine instrument om dei øver nok, sa Berg til hellesylt.info.

Ida Susann Tronstad til venstre, og Linnea Vike Grønningsæter

Instrumentalt

Vi fekk høyre instrumentalinnslag, eit vakker musikkverk, Canon i C ved Ida Susann Tronstad gitar, og Linnea Vike Grønningsæter på tverrfløyte, og vi fekk stadfesta at det «gror» også på strykeinstrument i Selmas song ved Tonje Støverstein saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole.

Jårångskoret

Nytt og gledeleg under julekonserten var besøket av Jårångskoret under dirigent Gunnar Inge Eide. Geiranger har vakker natur, men også gode songarar, eit kor med fleire mannsstemmer, det manglar Hellesylt songlar. Dei to kora framførte songar kvar for seg, og i lag. Avgjort eit samarbeid som bør halde fram også ved seinare høve.

Ungdomskoret Joyful med fleire solistar. Dirigent Kristin Storstein.

Flott frå Joyful og songlaget

I Sunnylven er aktiviteten innan friviljuge og kulturelle aktivitetar så stor at enkelte tiltak har stått i fåre for å bli lagt ned. Eksempel på det er ungdomskoret Joyful som i haust nærmast var lagd ned, men til jul kom koret til live igjen, fortalde dirigent Kristin Storstein. Ho var solist med koret i Lys i mot mørketida, av Trygve Hoff. Eit godt gjenhøyr med Joyful, og med Anna Kristine, Marta, Ingeborg, Maria, Tonje og Renate som solistar.

Og Hellesylt songlag sette eit flott avtrykk på julekonserten også denne gongen, fyrst i Marias vise med Oddbjørg Stadheim som solist, og deretter Come on, let`s celebrate, ein kvikk og litt jazzig song med både Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim som solistar.

Julekonserten nådde sitt høgdepunkt med to kor og Oddbjørg Stadheim som solist i O, helga natt, med Gunnar Inge Eide på piano. Ei mektig avslutning i den høgreiste, 160 år gamle kyrkja i Sunnylven. Då kom julestemninga på for fullt.

Hellesylt songlag

Godt resultat med gode leiarar

Stadig får vi bevist at små bygder hevdar seg godt. Dalsbygda, heimegrenda til Therese Johaug og Magny Smedaas har sett Østerdalsbygda på verdskartet gjennom gode resultat i langrenn. Sunnylven har om lag same folketal som Østerdalsbygda, men vi skal ikkje påstå at song og musikklivet er mellom verdens beste. Men julekonserten viste likevel at du treng ikkje vere stor for å bli god.

Då har vi ikkje gløymt alle dei dyktige leiarane som bygda er velsigna med, både fastbuande og tilreisande. Utan dei hadde julekonserten i Sunnylven blitt noko anna.

Synnøve Hjellbakk Hole og Tonje Støverstein spela Selmas song. på piano Gunnar Inge Eide, og gitar Erik Torset.

Jårångskoret, eit flott og godt førjulsbesøk.

Julestemninga kom for fullt i O, helga natt, med to kor og Oddbjørg Stadheim som solist.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380