Lokalnytt

Julesamling med heider hos Ole Ringdal AS

Line Høgalmen Støverstein og Per Amund Frøysa fekk fanget fullt av gåver frå arbeidsgjevaren Ole Ringdal AS. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal til venstre, og disponent Kristen Ringdal hadde også blomar til dei to.

Onsdag i veka før jul inviterte Ole Ringdal AS alle i bedrifta på julelunsj. Der var det også utdeling av heidersbevis til to tilsette for lang tenestetid, og utdeling av julegåver.

Line Høgalmen Støverstein og Per Amund Frøysa har begge jobba hos Ole Ringdal AS i over tretti år. Det kvalifiserte til tildeling av Norges Vel`s medalje med diplom, og bedrifta sitt gullur. Opp gjennom åra har snart tretti slike utmerkingar blitt tildelt ansatte i Ole Ringdal AS.

Julegåve til alle

Det var dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som overrekte, og disponent Kristen Ringdal melde seg på med takkeord til dei to så mykje for innsatsen. Norges Vel`s medalje for lang og tru teneste blir etter søknad tildelt alle som har jobba 30 år i same bedrift. Utforminga av medalja er eit lite kunstverk i sølv, og ei gåve frå ein arbeidsgjevar som har verdsett innsatsen til mottakar. I tillegg til medalje med diplom fekk Line Høgalmen Støverstein og Per Amund Frøysa gullur og blomar frå Ole Ringdal AS, og som dei andre tilsette eit gåvekort som julegåve frå bedrifta.

«Verdens beste»

Under julelunsjen retta dagleg leiar stor takk til alle sine arbeidarar; -Dokke er verdens beste ansatte, veldig kjekt å ha dokke på jobb, dokke står på og gjer ein fantastisk jobb. Det har eg sagt før og det gjentek eg gjerne også i dag, sa Ole Arnstein Ringdal.

Også disponent Kristen Ringdal fann fram dei gode orda og takka så mykje. Han hadde sett litt på rekneskapstala for året. Det såg bra ut og det låg ann til ein god auke i høve til fjoråret.

God juleomsetjing

Ole Ringdal AS har hatt eit godt julesal i år. Til hellesylt.info fortalde dagleg leiar at kjøparane vil ha urøykt pinnekjøt av lam, og det var det nesten utselt av. Lite var det igjen av pinnekjøt av sau der salet tok av etter omtale i eit TV-program tidlegare i haust. -Men vi har masse julemat, både pølse, pålegg og andre varer er det fortsatt rikeleg av på lager, sa Ole Arnstein Ringdal.

Julestemning og eit lunsjbord som ikkje mangla noko av god julemat hos Ole Ringdal AS.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380