Juletreff på gamleskulen

Sjette dag jul blir dørene opna for eit arrangement i gamleskulen på Hellesylt, eit juletreff med musikals underhaldning av Fossedur.
Under ein prat like før jul med musikar i Fossedur, Olav Elling Gausdal slo vi frampå at kanskje skulle vi fått til eit arrangement i romjula på gamleskulen på Hellesylt, og kanskje kunne Fossedur underhalde med musikk. Det gamle skulehuset har fått installert elektrisk ljos, og har ein vedomn som varmar om det trengs.
Det var Gausdal klar for om resten av musikarane hadde tid, og det hadde dei. I romjula har musikarane i Fossedur, Olav Elling Gausdal gitar, Knut Hanssen gitar, Bjarne Sjåstad bass, Oddvar Gausdal, trekkspel, og Jostein Ringdal slagverk, rigga og øvd i det gamle klasserommet, så alt er klart for musikalsk juletreff sjette dag, måndag 30. desember klokka 17.00. Juletreffet har gratis inngang for alle.
Det er fint å spele i gamleskulen, vi justerer berre lydnivået slik at det blir passeleg høgt etter romstorleiken, seier Olav Elling Gausdal. Han fortel at konserten blir variert med mykje av det Fossedur spelar til vanleg, irsk folkrock, norske og internasjonale songar, nokre frå ein CD som Olav Elling Gausdal har gjeve ut, og eit par julesongar. Så blir det ei lita overrasking under vegs med ei songframføring av ein langvegsfarande vokalist, fortel Gausdal utan å røpe noko meir.
Han trur det blir to trivelege timar med variert musikk, og der styret for gamleskulen ønskjer vel møtt med servering av julegløgg. I tillegg blir det sal av kaffi og kaker, får vi opplyst.