Notiser

Juleverkstad på skulen

Elevar frå fyrste og andre klasse med sine flotte julekransar. Frå venstre Sofia, Fredrik, Ane og Madeleine.

Ei veke før juleavslutning var det juleverkstad ved Sunnylven skule. Også i år kom det Lucia-besøk med song, ljos og lussekattar, og damene frå sanitetslaget var på plass og serverte mat.

Sunnylven skule har flinke elevar med kreative evner, det gav dei prov på under årets juleverkstad. Lærarane ved skulen fekk hjelp av nokre foreldre denne dagen, for litt hjelp må sjølv nissemor og nissefar ha. Vi var innom og kika på resultata dagen etter, og vi vart imponert. Her hadde det blitt laga julepynt, nissar, julekuler, kransar, spesielle juletre av materiale, måla i mange fargar, og mykje anna fint.

Elevar frå fyrste og andre klasse stilte i kvite kapper og med ljos, og hadde lussekattar til utdeling.

Lucia-markering

I matpausen var alle samla i den minste salen i samfunnshuset. Her kom Lucia-toget, elevar frå fyrste og andre klasse med ljos i hendene og song om martyrdama Sancta-Lucia. Lucia-feiringa er til minne om den sesilianske dama som døde som martyr for lenge sidan. I Norden blir det feira Sancta-Lucia som symbol på lyset i den mørkaste årstida. Songen som blir nytta på fødedagen til helgendama Lucia er alltid den same; «Svart senker natten seg i stall og stue, solen har gått sin vei, skyggene truer…»

Mat til alle

Jula er tradisjon, også den dagen det er juleverkstad på Sunnylven skule. Då blir det felles måltid med elevar, lærarar og andre tilsette i HUL-salen, og som alltid er det Sunnylven sanitetslag som spanderer og steller til måltidet. Det går på brød med næringsrett, godt pålegg og gjerne kakao til. Ein ny, god og triveleg dag på Sunnylven skule.

Damene frå sanitetslaget fekk både ros og applaus for god servering. Frå venstre Solbjørg, Ingebjørg, Solfrid, Gerd, Ruth, Laila og Inghild. Kristi var også med i kjøkkengjengen, men ikkje til stades då biletet vart teke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380