Lokalnytt

Kjell Kjellen-show i tohundre på Hellesylt

Kjell Kjellen Bigset var i storslag på HUL-scena 4. juledag.

På fjerde juledag besøkte Kjell Kjellen Sunnylven samfunnshus der over 200 mora seg og utbasunerte høglydte latterbrøl over greinalause historier og kommentar frå moromannen Thomas Ryste frå Hovdebygda.

Det vart ikkje skodespel med HUL-teatret i år. Røynd aktør i det kjende teatret, Geir Frøysa opna og beklaga at han ikkje tok telefonen etter fleire oppringingar frå teaterleiar i haust, men det var andre mannlege aktørar som heller ikkje sa ja. Dermed vart det ikkje skodespel denne romjula, slo han fast. På fjerde juledag sat mange aktørar frå det vidgjetne teateret på fyrste benkerad og fekk oppleve moromannen Kjell Kjellen som hadde teke turen frå Hovdebygda.

«Diktarland»

Og erstattaren for manglande skodespel bør vel ingen klage over. Saman med over 200 vart det ein morokveld og kanskje magekrampe for fleire. Latterkulene var i alle høve høyrbare, også utan høyreapparat. «Den bereiste karen» frå Ivar Aasen-land leverte i kjent stil frå scena, og han hadde eit rikt ordforråd slik diktaren frå heimbygda hans også hadde. Showet vart som forvente og ønska, over timen med oppdikta og greinalaust, og det slo ann frå opningssong til avslutning med «Dåseduft».

Skildringa av «EU-kontroll» hos legen med delevis ope innsyn frå venterommet vart håplaust greinalaust.

På reise og sjekk

Kjell Kjellen er stadig ute på reiser i følgje han sjølv, Publikum fekk skildra overnattingar på hotell, møte med franske turistar i ein vestlandsby der han møtte si nye, unge dame som no budde på ein liten hybel i Oslo. Ho kravde «EU-kontroll», for eldre menn var som ein gamal Ford Taunus, blank i lakken, lett på rattet og i gear, men under panseret kunne det vere så som så. Besøket hos legen og prostata-sjekk førte til mykje rin og gapskratt i salen. Og slik la han ut i fornøyelege skildringar om livet til Kjell Kjellen.

Krasja i husvegg

Han hadde kjøpt seg ny sykkel og fyrste turen enda ikkje så bra. Nye sykkelsko og eit ukjent bremsesystem resulterte i krasj i huset heime, ei greinalaus skildring som berre må opplevast, og der han søkte og fekk ein lokal syklist på scena for råd til neste sykkeltur. Knut Dag Langeland gav råd frå eiga sykling til og frå jobb.

Det vart ein suksesskveld for arrangøren Hellesylt Ungdomslag. At over 200 kom var nesten meir enn venta, sa Kim Sture Flo hos arrangøren. Fjerde juledag på Sunnylven samfunnshus vart avslutta med dans og musikk av Gutta frå VestNorge.

Knut Dag Langeland vart henta på scena for å gje gode råd for Kjell Kjellen sin neste sykkeltur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380