Lokalnytt

«Kjell kjellen-show» og dans på Hellesylt

Kjell Kjellen har besøkt Hellesylt tidlegare. Her under opning av ny fabrikk ved Ole Ringal AS i september 2018.

Det vart ikkje skodespel med HUL-teatret denne jula, men Kjell Kjellen, moromannen frå Hovdebygda i Ørsta blir god erstattar på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag, melder Hellesylt ungdomslag.

HUL-teatret brukar å invitere til underhaldning med skodespel i romjula på Sunnylven samfunnshus. I år blir tradisjonen broten fjerde juledag, men moro blir det likevel, og dans med bandet VestNorge etterpå. Opplegget blir ei flott erstatning, og som arrangøren håper får mange til å ta turen innom Sunnylven samfunnshus.

Leiar i HUL, Marianne Fivelstad veit lite om kva moromannen Kjell Kjellen frå Hovdebygda serverer frå scena i samfunnshuset fjerde juledag. -Det er ei uopna julegåve til alle som kjem, og heilt sikkert med innhald som er verd billettprisen og meir enn det, seier ho.

Dørene til Sunnylven samfunnshus opnar klokka 19.00 fjerde juledag. Etter ca. klokka 22.00, og etter ein liten time med Kjell Kjellen-show og «påfyll» med moro, og trimm for slakke magemusklar blir det dans med VestNorge. Møt opp i god tid til julemoro og sal av forfriskingar i Sunnylven samfunnshus fjerde juledag. Billettsalet er ved inngangen og inkluderer program og dans, kr. 400.- for medlemer, kr. 450.- for ikkje medlemer.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380