Kjøleg vatn for rekordmange badarar

Inga Elise Vik tok symjeturen rundt badehuset.

Det vart ekstra stor deltaking på Hellesylt UL si solsnubading på badestranda søndag. Den fyrste timen hadde i alt 18 friskusar hoppa i badevatnet i Sunnylvsfjorden.

For sjette gong inviterte badehusstyret i Hellesylt UL til solsnubading 22. desember. Vintersolkverv, dagen då «sola snur» var same dag klokka 5.19, altså nokre timar tidlegare enn solsnubadinga på badestranda på Hellesylt.

Det var lite varme å få frå sola, verken på land eller i sjøen denne dagen. Sjøtemperaturen var 8.0 grader fekk vi oss fortalt, og sola var der, rett nok berre i dei høgste fjelltoppane. Men det gule på dei snøkledde fjella bar bud om at ein ny vår er i kjømda.

Når eit vinddrag også kom over badelandet var det nok ikkje den varme opplevinga for dei lettkledde tøffingane. Likevel 18 unge og eldre, dei aller fleste damer tok ein dukkert og imponerte oss på land. Oppe igjen var det gratis servering av gløgg, kaffi og pepperkake. Også ei stor bålpanne varma og var god å søkje nærheit til.

Mange vassa ut i sjøen og til djupare vatn på badestranda.

Vi prøvde oss med å lokke leiaren i badehusstyret, Asle Ringdal til eit solsnubad, men han takka høfleg nei. Han hoppa i sjøen under solsnubading for tre år sidan, fortalde han, og han kjente kulden av dukkerten i kroppen enno. Men av familien Nybø Vik var det god deltaking, der var far Jens, mor Inger Ann, og dotter Inga Elise alle i sjøen. Litt kaldt for fingrane berre, sa Jens, medan Inger Ann tykte det var litt forskjell frå symjehallen på skule der ho instruerer med 32.0 grader i vatnet til sjøbad på Hellesylt på dagen for vintersolkverv. Inga Elise hadde ei oppleving av dukkerten som forventa, og var berre blid.

Lone og Sofie var også klar for dukkert.

Solsnubading ved badestranda på Hellesylt vart arrangert fyrste gong i 2014 og har sidan det vore årleg. I år heldt badevatnet 8.0 grader.

Heile familien Nybø Vik var med på solsnubading. Frå venstre Jens, Inga Elise, og Inger Ann. Og i fjella såg vi solljoset

Hellesylt Ungdomslag hadde varmande ting å by på til alle som kom til solsnubadinga 22. desember.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380