Lokal skiskyttarsesong i gong

I G 11 vart det rein Sunnylven-pall. Oskar Ringdal vann, med Sander Sjåstad Hole på andre, og Kristen Brenne Ringdal på tredje plass.

Vinterens fyrste skiskyttarrenn med deltakarar frå Sunnylven IL vart arrangert på Ullsheim i Markane laurdag 7. desember.

Sunnylven IL hadde ni løparar til start i det fyrste krinsrennet i skiskyting denne sesongen. 68 løparar deltok. Det vart ein siger ved Oskar Ringdal i G11, og fleire andre gode plasseringar på Sunnylven sine deltakarar. Spanande blir det å følgje med på resultat til Elias Helset. Under rennet på Ullsheim vart det 2. plass etter god skyting.

Sjå heile resultatlista her:http://markane-il.idrettenonline.no/storage/Preview?id=88632c04-4c7c-41fb-bd10-b0fa2a873375

i klasse J11 vann Konstanse Henden, Markane IL. Ingeborg Fivelstad Stadheim, Sunnylven IL kom på 4. plass.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380