Mange i Hellesylt på triveleg laurdag
![](https://i0.wp.com/www.hellesylt.info/wp-content/uploads/2019/12/Framtida-2.jpg?resize=980%2C632&ssl=1)
Julemusikk med Sunnylven skulekorps samla eit talrikt publikum på begge butikkane, og fleire enn nokon gong var innom førjulstreffet på Gamleskulen på Hellesylt laurdag.
Det vart god julestemning i Hellesylt sentrum nest siste laurdag før jul. Det fine veret gjorde at mange la reisa til bygdesenteret der dei fekk høyre «nissekorpset» spela julesongar på begge butikkane. Korpset freista også spaninga med sal av eit lite restparti snurrelodd frå tombolaen tidlegare i desember.
Etter ei lang og god øving for Sunnylven skulekorps vart det servert «nissegraut» til musikantane. I korpset, dirigert av Trond Otto Berg var nokre «gamle» musikantar med, og gledeleg sju nye juniorar. Alle kom godt frå spelinga, korpset er framleis ein flott ressurs for bygda og er ei glede å høyre på. Søndag er det julekonsert i Sunnylven kyrkje saman med fleire.
Det vart belønning for julemusikken i form av go`saker frå butikkane også i år. Rausast var Joker som saman med restaurant Øcal spanderer ein pizza-kveld på heile korpset på Øcal.
Også på Gamleskulen kunne ein prøve vinnarlukka til gode vaflar, kaffi og saft. Vedomnen varma i den gamle skulestova i sentrum og mange kom innom. Styret for Gamleskulen aktivitetsmuseum var svært godt nøgde med besøket som i år var langt større enn i fjor. Og i den gamle skulestova kan det bli fleire samlingar og overraskingar i romjula, så føl med på plakatar i Hellesylt sentrum, og på hellesylt.info.