Mot slutten på hjortejakta

Unge og eldre hjortedyr på Hauge. (Foto frå arkivet 2018)

Vesle julaftan er siste dag av årets hjortejakt. Fram til 9. desember er 424 av i alt 897 hjort felt i Stranda kommune.

Oversikten over felte dyr i hjortejakta som skogbrukssjef Asle Johan Bergset Konnerth har sendt ut viser at jaktvalda Langedalen og Øvre Sunnylvsbygda har jakta best så langt. Begge stader er det felt 81 dyr. Men også andre områder har hatt god avskyting.

Her er resultata over felte dyr: Liabygda 53, Nedre Sunnylvsbygda 40, Stranda Nord 33, Stranda Sør 30, Helstad 22, Fausadalen 21, Bygda 19, Geiranger 15, Habostaddalen 15, Oaldsbygda 10, Drege 2, Blomberg og Vike , eitt dyr på begge plassar, Syltevik 0.

Statestill for områda

Alle jaktvald er inndelt i områder på statestikken i år, fortel Konnerth. Han var ute i terrenget då vi kontakta han på telefon, men hugsa nokre av fellingsresultata. Eksempelvis er det i Øvre Sunnylvsbygda felt 9 dyr på Vollset, 34 på Bjørdal, og 38 på Frøysa. I Nedre Sunnylvsbygda jaktvald er det skote 18 hjort på Hauge, 3 på Hellebostad, 7 på Korsbrekke og 12 i Åsen. I Langedalen har eksempelvis 14 hjort «stubba» på Karbø, 10 på Ringdal, og 11 på Sæter.

Oppfordrar til jaktsamarbeid

Største dyret så langt i år trur Konnerth vart felt på Hauge. Kronhjorten vog knappe 150 kilo. Ikkje alle vald har fylt tildelt kvote enno, men hjortejakta varet til og med 23. desember. Konnerth fortel at det er blitt ein del samarbeider om avskyting, jægerar som har fylt kvota i sitt vald får jakte i vald som har igjen dyr. Han kjenner til slikt samarbeid mellom Hellebostad og Stadheim. Det synest skogbrukssjefen er positivt, og han oppfordrar til enno meir samarbeid på denne måten. Der er i alle fall nok av dyr å jakte på etter spor i snøen å dømme, seier han.

Løyser av radiosendarar

I kommunane Stranda, Sykkylven og Norddal har gått rundt 15 dyr som er merka med klave og radiosendarar for å vise kvar dei beitar, men i dag tysdag 10. desember skal sendarane av. Asle Johan B. Konnerth fortel at låsen på klaven opnar seg av at eit knallskot blir utløyst av radiosignal. –Sjølv om det ikkje er den store smellen får nok hjorten ein lite støkk når det smell, men så er han fri frå klaven og radiosendaren. Han seier at alle sendarane gjev frå seg signal også etter at dei er av, så i dagane som kjem vil dei bli henta inn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380