Nytt webkamera for Hellesylt
Selskapet SunnylvenNytt AS som driv nettstaden hellesylt.info har montert opp eige webkamera. Videobilda viser Hellesylt sentrum mot Sunnylvsfjorden.
Laurdag før juleveka starta hellesylt.info sending av videobilete frå eit nytt webkamera. Kamera står på same stad der det vart overført bilete tidlegare, som sende still-bilete over Hellesylt sentrum. Det nye sender videobilete i 130 grader. Litt justering av kameravinkel kan vere aktuelt.
Men til så lenge, sjåarar kan finne sendinga frå det nye webkamera ved å klikke på; https://www.hellesylt.info/webkamera/