Ølsmaking på kaffibar

Hellesylt Boutique & Bar inviterer til ølsmaking laurdag 14 desember. Der skal det kårast beste juleøl frå fem bryggeri, Nøgne ø, Hansa, Ringnes, st. Bernardus, og Geiranger bryggeri.
Det blir nok lita kaffiomsetning på Hellesylt Boutique & Bar laurdag kveld. Der skal i staden fem juleølsortar smakast og bedømmast av røynde ølkjennarar frå begge kjønn. Det er juleølet 2019 frå bryggeria Hansa, Ringnes, Nøgne ø, Geiranger Bryggeri, og litt ukjende st. Bernardus som skal leske strupen i øltest og få sin dom.
Ellen Fivelstad ved Hellesylt Boutique & Bar håper mange kjem, og til ølsmakinga har ho fått heim kjøkkensjef ved Ona & Finnøy havstuer Lars Helge Hanssen for å halde foredrag om juleølet. Hanssen har sine slektsrøter frå Nibbedalen i Sunnylven.
Truleg blir det ikkje ein eintydig konklusjon av ølsmakinga, det er nok slik med øl som med mykje anna, det er smak og behag som avgjer.
Det som er heilt sikkert er at det skjer på Hellesylt Boutique & Bar laurdag 14. desember frå klokka 20.00. Ring mob. 405 16 535 og meld deg på til arrangementet seinast onsdag 11/12 innan kl. 23.59. Ved Hellesylt Boutique & Bar er det plass til max 35 – 40 personar, så ikkje vent med å melde deg på om du vil vere med. Pris pr. person er 590.- som inkluderer ølsmaking, og litt fingermat/spekemat.