Lokalnytt

Orienterte kommunestyret om hydrogen

Hellesylt får fabrikk for produksjon av grøn hydrogen, primært for drift av turistferjer. Planlegginga startar like over nyttår 2020.

Under budsjettmøtet til Stranda kommune var Knut Flakk frå Flakk Gruppen til stades og orientere om selskapet Hellesylt Hydrogen Hub konsortium som har fått tilsagn på 37.6 mill. kroner i tilskot til bygging av hydrogenfabrikk på Hellesylt.

Flakk Gruppen, med samarbeidspartnarar Hexagon Composites, Tafjord Kraft, Gexcon, Sintef, Fiskarstrand, Hyon, og Stranda kommune står bak selskapet Hellesylt Hydrogen Hub. Nyleg kom meldinga at det var tildelt 37.6 mill. kroner til bygging av ein hydrogenfabrikk med produksjon av Grøn hydrogen.

Fjernar store utslepp

Knut Flakk var av den oppfatning at hydrogen var det rette for turistferjene på Geirangerfjorden der det er krav om utsleppsfri ferdsel frå 2026. Å gå over til Grøn hydrogen ville redusere utsleppa med 2370 tonn CO2, eller like mykje som frå 1500 personbilar, sa han.

Turen med ferje mellom Hellesylt og Geiranger tek drygt ein time kvar veg så å satse på elektriske ferjer var ikkje råd då der ikkje er ladekapasitet i Geiranger slik linjenettet er i dag. Ny overføringslinje frå Tafjord kjem på 150 til 300 mill. kroner.

Tiltru til prosjektet

Ein hydrogenfabrikk vil koste 80 – 90 mill kroner. At selskapet fekk eit betydeleg beløp frå finansieringsordninga PILOT-E viser at det ikkje berre er eit forskingsprosjekt, men noko bevilgande myndigheiter har tru på. Fabrikken på Hellesylt blir den fyrste på Vestlandet og skal produsere i fyrste omgang eitt tonn grøn energi pr. dag. Til dei to ferjene vil det gå med 700 kilo om dagen i høgsesongen. Fabrikken er venta å vere i produksjon alt i 2022.

Vurderer plassering

Flakk sa at på Hellesylt skal det produserast hydrogen av 2.5 megawatt «innestengt» kraft frå tre småkraftverk. Vatn blir spalta med elektrisitet til hydrogen, ein heilt rein energi. Det er mange andre måtar å produsere hydrogen på også, men då er det ikkje grøn energi. Kvar fabrikken skal ligge er ikkje bestemt enno. Blir det ved eitt av dei tre småkraftverka vil ein spare nettleige, noko ein vil få om fabrikk blir lagt i nærleiken av meieritomta på Hellesylt.

Ny ferjekai

Ny konsesjon på ferjeruta mellom Hellesylt og Geiranger skal gjelde frå 2022, og konsesjonen vil vare i 15 år. Då må det nye ferjer inn i trafikken, og det må skje noko med ferjeleie på Hellesylt, -ein kan ikkje bygge nye ferjer til gamle ferjeleie, meinte Flakk.

Knut Flakk frå Flakk Gruppen, orienterte dei folkevalgte om hydrogensatsing på Hellesylt. Her saman med ordførar Jan Ove Tryggestad, og rådgjevar Jan Arild Roppen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380