Pensjonistlaget «lyste opp» på omsorgssenteret

Fire frå styret i Sunnylven pensjonistlag tok turen innom omsorgssenteret laurdag. Frå venstre Mia Sjåstad, Lilli-Karin Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, og Astrid Langeland. (Foto: Privat)

Fire frå leiinga i Sunnylven pensjonistlag var innom og helsa på bebuarane på omsorgssenteret på Hellesylt. Med seg hadde dei ei lita julehelsing, eit batterilys til kvar einskild.

Som ledd i tryggleiken på Sunnylven omsorgssenter er det bestemt at det ikkje skal kveikjast levande ljos. Men eit ljos er alltid stemningsskapande og Sunnylven pensjonistlag ønska å glede bebuarane med ei alternativ løysing. Dermed tok fire frå leiinga turen innom omsorgssenteret med «fanget fullt» av batteriljos.

-Det er fint å kunne tende ljos i mørketida og inn mot julehøgtida. Vi fekk teke alle på «heimen» i handa og ønska dei god jul. Dette var ei fin stund. Godt å sjå gleda dei viser og kor takknemlege dei er, seier leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland.

Ho nyttar også høve til å ynskje alle i bygd og by, unge som eldre ei god jul og godt nyttår frå Sunnylven pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380