Notiser

Planprogram opp til behandling

Ljøen

I møte komande torsdag har Utval for faste plansaker i Stranda kommune til behandling planprogram for detaljregulering hotell Ljøen. Rådmannen rår til å vedta planprogrammet.

Etter at Flakk Gruppen AS ved Maria Lilly, Erika June og Trygve Flakk hadde vist interessant for bygging av hotell på Ljøen, vedtok Stranda kommune i juni i år å få utarbeidd planprogram for detaljregulering for det aktuelle området.

No har firma Kibsgaard – Pettersen arkitekter levert eit grundig utarbeidd planutkastet for detaljregulering som kjem opp til behandling på møte i Utval for plansaker i Stranda torsdag 12. desember. Rådmannen tilrår at Stranda kommune vedtek planprogrammet.

Planprogrammet som ligg føre gjev utgreiing i detalj av fleire felt ved ein reguleringsplan og som vedkjem bygging av hotell på Ljøen, presentasjon av området slik det er i dag, typografi, landbruk, naturfårar, tilkomst, parkering og meir. Det planlagde hotellet på Ljøen vil i fyrste omgang få inntil 70 rom, men med moglegheiter for utviding seinare. Snøhetta AS vil vere arkitekt og ha ansvar for utforming av ny bebyggelse. I tillegg er bygningar på Ljøsætra tenkt nytta til overnatting for korte besøk.

I hovudsak vil tre grunneigarar på Ljøen bli berørt av planen, Frank Ole Bonsaksen, Erling Ljøen og Rolf Arne Ljøen.

I tilrådinga til møtet i Fast utval for plansaker heiter det til slutt:

-Planprogrammet, som har vore på offentleg ettersyn syner kva områder i samfunnet som vert vesentleg rørt av planarbeidet. Vidare legg ein opp til å vurdere kva alternativ ein har, samt kva utgreiingar som må gjerast for å trygge ein god og heilskapleg prosess. På bakgrunn av dette rår administrasjonen til at planprogram for detaljregulering hotell på Ljøen vert vedteke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380