Pressemelding om hydrogensatsing
I samband med at Flakk-Gruppen har fått tildelt 37.6 mill. kroner til hydrogensatsing på Hellesylt, har Stranda kommune sendt ut denne pressemeldinga:
PRESSEMELDING
Hellesylt Hydrogen Hub, eit konsortium av leiande aktørar innan hydrogenfeltet, er tildelt 37,6 MNOK frå finansieringsordninga PILOT-E, for utvikling av ei heilskapleg verdikjede for produksjon, lagring og levering av grønt hydrogen til ferjer og cruiseskip i Geirangerfjorden. Lokal produksjon av hydrogen ved bruk av innestengt elvekraft, legg til rette for at transportsektoren kan omstille seg til nullutslepps-løysingar både på Geirangerfjorden og i omliggjande område.
Konsortiet er leia av Flakk Gruppen i Ålesund med Hexagon Composites (høgtrykksløysingar for lagring og transport av hydrogen), Hyon (integrerte hydrogenløysingar), TAFJORD (straumleverandør), Fiskerstrand (skipsdesign og verft), Gexcon (sikkerheits- og risikoløysingar), SINTEF (forskingsinstitutt) og Stranda kommune som sentrale samarbeidspartnarar.
Geirangerfjorden, som er eit UNESCO verdsarvområde, mottek årleg om lag 800 000 besøkande. Av dess utgjer om lag 360 000 cruiseturistar. For å redusere dei lokale utsleppa, er det vedteke å innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane innan 2026.
Prosjektet vil starte opp i januar 2020, med sikte på levering av grønt hydrogen seinast i 2023. Hydrogenproduksjonen vil skje ved delvis bruk av innestengt vasskraft i Sunnylven (Hellesylt). Konvertering av ferjene som opererer mellom Hellesylt og Geiranger til hydrogendrift vil gi nullutslepps-løysing og redusere CO2-utsleppa i Geirangerfjorden med
2 370 tonn per år. Produksjonsanlegget vil også kunne levere hydrogen til lastebilar, bussar og andre køyretøy i regionen.
PILOT-E ordninga er ei finansieringsordning for norsk næringsliv lansert som eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova SF. Målet med ordninga er å fremje raskare utvikling og distribusjon av nye, miljøvennlege energiteknologiar og tenester for å medverke til å reduserte utslepp både i Noreg og internasjonalt.
For Stranda kommune betyr tildelinga svært mykje, m.a.:
- Det opphavlege hydrogenprosjektet på Hellesylt frå 2016 har nådd ein avgjerande milepåle
- Prosjektet vil gi ringverknader ikkje berre i Stranda kommune, men også regionalt (verftsindustri)
- Kommunen får mulegheit for å stette kravet om utsleppsfri ferjetrafikk og anna fjordtrafikk som er viktig med tanke på å halde verdsarvstatusen ved lag
- Prosjektet er ei svært god og tidsrett oppfølging av utlysinga av ny konsesjon for ferja på verdsarvfjorden der Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk langt i retning av å krevje nullutslepp
- Prosjektet vil gi næringsutvikling i ein del av kommunen (Sunnylven) der det er trong for nye og fleire arbeidsplassar og meir variert næringsliv
- Prosjektet kan bety sikrare økonomi for småkraftverka i området
- Prosjektet er nyskapande med tanke på alternativ utnytting av såkalla innestengd kraft, og prosjektet vil ha stor overføringsverdi til andre område av landet med dei same utfordringane