Serverte brennsnut til bebuarane

Brennsuten er klar og leiar i Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland til venstre, Lilli-Karin Ljøen og Odd Jostein Bjørdal gjer klar for servering til bebuarane på Sunnylven omsorgssenter. Mia Sjåstad var også med på kokkinga, men ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Mange laurdagar er det graut til middag på Sunnylven omsorgssenter. Men 7. desember vart det endring, for då laga og serverte Sunnylven pensjonistlag brennsnut.

Tidlegare i haust inviterte Sunnylven pensjonistlag sine medlemer til brennsnutlaurdag på kyrkjelydshuset. Det kom mange og det vart koka fleire panner med brennsnut av kortreist råstoff. Brennsnuten fall i smak og fekk mykje skryt, også av bebuarar frå omsorgssenteret som er medlemer i pensjonistlaget og var på samkoma på kyrkjelydshuset.

-Det hadde vore kjekt om vi kunne få slik servering også på omsorgssenteret ein laurdag av og til, vart det sagt. Styret i pensjonistlaget tok ynskjet alvorleg, og på siste styremøte bestemte dei seg for å lage og servere brennsnutmiddag til alle, fortel leiar i laget Astrid Langeland. –Vi synest det er kjekt å får lov å gje noko tilbake til både medlemane våre og alle dei andre på heimen.

Laurdag 7. desember møtte fleire styremedlemar opp og koka ei stor panne brennsnut etter same oppskrift som på kyrkjelydshuset tidlegare i haust. Mia Sjåstad, Lilli-Karin Ljøen, Odd Jostein Bjørdal og Astrid Langeland fordelte arbeidet mellom seg, og klokka halv eitt var alt klart for servering, i servise med julemotiv på. Etterpå vart det kaffi og konfekt, alt spandert av Sunnylven pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380