Småbarnsong i Sunnylven kyrkje

Onsdag blir det songstund for dei minste i Sunnylven kyrkje. Bilde viser ei samling på kyrkjelydshuset i Sunnylven i 2017.

På Hellesylt blir det Småbarnsong onsdag 11. desember for alle mellom to år og opp til skulealder. Denne gongen er samlinga i Sunnylven kyrkje

Tidlegare har born og foreldre vore samla på Sunnylven kyrkjelydshus til småbarnsong, men onsdag har Sunnylven pensjonistlag arrangement på kyrkjelydshuset, så då blir songstunda i Sunnylven kyrkje klokka 16.15.

Ta gjerne med ein venn, seier Solfrid Blindheim og Carolin Eide som begge blir til stades. Dei ønskjer mange velkomne til småbarnsong i Sunnylven kyrkje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380