Lokalnytt

Ståande applaus på juletreff

Det lokale orkesteret Fossedur spela til underhaldning under juletreffet på gamleskulen 6. juledag. Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Knut Hanssen, Olav Elling Gausdal og Oddvar Gausdal.

Eit nytt arrangement på Hellesylt vart ein kjempesuksess. På nest siste dag i året var gamleskulen samlingsstad for juletreff der over femti personar kom, og der lokale musikarar spela til ståande applaus.

Foreininga som i 2014 starta bevaringsarbeidet for gamleskulen på Hellesylt gav seg namnet Gamleskulen aktivitetsmuseum. I åra som har gått har skulestova frå 1898 blitt eit velhalde hus, og no blir det ofte nytta med aktivitet. Der er tombola, skuleklasser er innom, og no på slutten av 2019 kom det fyrste juletreffet med musikk. Med Fossedur, lokale musikarar, allsong, kaffi og kaker og litt loddsal vart det stor suksess for arrangøren. Meir enn femti personar kom, og dei såg ut til å kose seg til stemningsfulle tonar av dei lokale musikarane. Det var humør og speleglede, eit variert repertoar og låtar som høvde akkurat denne dagen.

Fossedur består av Olav Elling Gausdal, gitar og vokal, Knut Hanssen, gitar og vokal, Bjarne Sjåstad, bass og vokal, Jostein Ringdal slagverk, og Oddvar Gausdal trekkspel. Det musikalske juletreffet opna med Knut Hanssen som vokalist i Romjulsdrøm av Alf Prøysen, og deretter heldt det fram med meir norsk, kjende landeplager av både Hellbillies, Vømmøl og Åge Alexandersen. Og under det nær to timar lange juletreffet kom låtar av Bob Dylan, irsk folkrock og mange fleire, og i tillegg to svenske songar med gjestevokalist Astrid Gulbrandsen. The Beatles sin Hey Jude avslutta eit «musikals sukkertøy» som fall i smak, med heile frammøtet i skulestova som koristar.

Bjarne Sjåstad, tidlegare organist i Sunnylven kyrkje, spela flott også på det gamle trøorgelet til allsong i Det lyser i stille grender.

Gamleskule Aktivitetsmuseum har fått i gåve av nabo eit eldre trøorgel, eit godt brukande instrument. Det gav bassist i Fossedur, Bjarne Sjåstad prov på då han inntok orgelkrakken og spela til allsong i Det lyser i stille grender. Eit lite høgdepunkt denne kvelden, tykte vi.

Musikk er alltid triveleg, og juletreffet med Fossedur på gamleskulen vart ei gla`stund på slutten av 2019. Dei innfridde alle forventningar og fekk langvarig, ståande applaus til slutt. Truleg blir det fleire slike arrangement, for lokalet er berre skapt for mellom anna slike samlingar. God akustikk frå gamle tømmerveggar inspirerte også Fossedur til å bli med ved seinare høve, fekk vi inntrykk av. At det fyrste var suksess er i alle fall ingen tvil om.

 
Trondheimsnatt

Vømmøldalens siste vår

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380