LokalnyttLokalsport

Stikk UT! Klart for nye skiturar

Stikk UT-posten i ysløypa kom på plass i desember i fjor. Her skriv Hans Hole seg inn i trimboka. (Arkivfoto)

Stikk UT i Møre og Romsdal er eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Sunnmøre Friluftsråd og Møre og Romsdal skikrets, og med 20 kommunar, 40 skiklubbar og Skiforbundet.

Marte Melbø i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal fortel til Langrenn.com at over 105 turmål er sett ut rundt omkring i dei flotte skiløypene i Møre og Romsdal.

– Vi samarbeider med Løyper.net og der er alle postane lagde ut, i tillegg til link med turbeskrivelse.

Sunnylven IL har Stikk Ut-post i skisenteret i Hyttehola. Posten kom i desember i fjor og ligg i lysløypa i enden mot Røyrhus. I Hyttehola blir løypene køyrde opp stadig og skisenteret med stor parkeringsplass ligg nær fylkesveg 60 så her kan også reisande stoppe på for å ta seg ein «StikkUT! ski»-tur.

Skituren startar ved parkeringsplassen i Hyttehola, der står eit «StikkUT! ski» -skilt. Der i frå er det ned bakken til høgre for garasjen til eit nytt skilt ved lysløypa. Turen går så i retning Røyrhus til enden av lysløypa og nytt skilt. Noter i boka i trimkassa og husk koden som står under loket på trimkassa for registrering på nett. Heile turen er ca. 3.3 km.

Sunnylven IL har investert i GPS til trakkemaskina slik at alle kan gå inn på www.skispor.no og følgje med på kvar og når løypene blir køyrde opp.

 

Sjå også https://loyper.net/#sunnylven/13,6.78852,62.05015, finn din skiklubb/skisenter og finn ut når løypene var oppkøyrde sist. Fargen avgjer gjerne kor lenge det er sidan. Grøn farge og løypene er preparert no, svart betyr at det er fleire dagar/veker sidan. Kanskje manglar snøen også.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380