Notiser

Storfjorden 1765 i kalenderen

Oppslaget for desember 2020 viser eit kart med historia bak over Storfjorden frå 1765

I vår omtale av Storfjordkalenderen 2020 oversåg vi ein omtale på månaden desember, eit gamalt kart teikna i 1765 som viser Storfjorden. Asgeir Kvenberg har gjeve oss opplysningane nedanfor.

 -Det er Anders Kvernberg, bibliotekar på kartavdelinga på Nasjonalbiblioteket som har funne kartet i nedstøva arkiv på Riksarkivet og skrive artikkelen. Kartet er teikna i 1765 av infanterikaptein Tavenzien som budde på Sjøholt. Med litt godvilje og fantasi greier ein faktisk å finne att dei fleste bygdene innover Storfjorden, sjølv om det er litt underleg i Sunnylven, sett med dagens auge.

Sunnylven har nok aldri vore «kartlagt» før dette kartet vart teikna. Området rundt Ørskog er nokså detaljert, og legg merke til at Langskipsøya er innteikna. I dag er det berre ei folketom øy, med ei høyløe på. (Restaurert av Storfjordens Venner!) Tidlegare var det busetting med handelshus og stor tømmerhamn her, og ei viktig militær rolle alt i vikingetida!

Dette kartet har aldri vore publisert før, og no er det altså Storfjordkalenderen som får æra av å publisere det. Det er veldig stas for redaksjonen og foreininga, skriv Asgeir Kvenberg.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380