Notiser

Strålande jul i Sunnylven kyrkje

Ann Kristin Langeland fekk fullmakt som vikarierande prest frå biskopen i Møre, og leverte for tilliten i ei nær fullsatt Sunnylven kyrkje julaftan.

Sunnylven har ei stor og flott kyrkje, men ikkje fast tilsett sokneprest. Likevel, det vart ei minnerik familiegudsteneste på julaftan for ei nær fullsett kyrkje, med prest på fullmakt, organist heime på juleferie, skulekorps og songlag.

-Om Dokke hadde visst kor nervøs eg er no så hadde dokke gått heim. Slik opna Ann Kristin Langeland familiegudstenesta som vikarprest i Sunnylven kyrkje julaftan. Ingen gjekk, for julepreika vart ei høgtidssam stund. Politikaren, rådmann i Hornindal kommune dei siste seks åra, og bonden frå Øvsthaugen i Langedalen gjorde julegudstenesta for ei nær fullsett kyrkje til ein time som alle tok heim med glede.

Etter at sokneprest Stein B. Karstensen slutta tidlegare i haust, har soknet vore utan fast tilsett prest. Og med prestemangel fleire stader er tilsetting av ny, fast sokneprest i det uvisse.

Men om bygda Sunnylven får lov gjer folket seg sjølvhjelpt, slik også under familiegudstenesta på julekvelden. Leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad opna med å lese opp eit fullmaktsbrev frå biskop i Møre, Ingeborg Midttømme der Ann Kristin Langeland fekk naudsynte fullmakter som vikarierande prest.

Det viste seg som ei god utnemning for kyrkjelyden. Langeland gjorde julaftan til ei gild stund der kyrkjelyden lytta til gode ord og tankar som myldra mykje kring ei strofe frå ein song av artisten Anne Grete Preus, «Når hele himlen faller ned». Ho fekk fram bodskapen, fortalde om profetane sin spådom, englane sitt bodskap, og Jesus i stallen og krybba. Julekvelden betyr så mykje i både sorg og glede, denne kvelden finn ein trøst for det aller meste, sa Ann Kristin Langeland. Det vart rett og slett ord på julaftan som gjekk inn og heim hos alle, trur vi.

Glede og høgtid bidrog også fleire andre i Sunnylven kyrkje til denne kvelden. Sunnylven skulekorps var på plass både i opningssongen Glade jul, og til avslutning i Deilig er jorden, og Hellesylt songlag framførte Trygve Hoff sin flotte Lys imot mørketida med Kristin Storstein som solist. Kjekt å sjå at også tidlegare songarar heime på juleferie stiller på i korrekkene ein slik dag. Og så, ikkje minst fekk vi alle glede av å høyre Lars Kvam Karbø spela til songar både på orgelet og piano. Dunadsbygda viste seg fram på julaftan i Sunnylven.

Hellesylt songlag med Kristin Storstein som solist og Lars Kvam Karbø ved pianoet i Lys imot mørketida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380