Tombola, julegrantenning og lysmesse

Det var lite gevinstar igjen på juletombolaen til Sunnylven skulekorps. Der var det også premiering av seks store og små pepperkakebygg.

Barbro Lade i økonominemnda for skulekorpset var godt fornøgd med handelen under juletombolaen. Nesten alle snurrelodd vart selde, og ho trur at resten går ut under korpset si nissespeling på butikkane på Hellesylt ein laurdag like før jul.

Før julegrana skulle tennast var det premiering av seks bidrag pepperkakebygg. Litt skuffande at ikkje fleire hadde levert inn, så til neste år må det bakast og byggjast meir. Alle bidraga vart premierte med tre hovudpremiar og tre ekstrapremiar.

Hovudpremiane gjekk til ; 1. Sune og Linus Frøysa. 2. Kai Adam Røyrhus. 3. Kristen, Ane og Marte Brenne Ringdal.

Ekstrapremiar: * Ingeborg, Fredrik og Vilde Fivelstad Stadheim. *Maria Langeland. * Sunnylven barnehage.

Julegrana tend

Snøen var komen i Hellesylt sentrum fyrste søndag i advent i år, men det hindra ikkje at det vart mange rundar kring den flotte julegrana på Ole Ringdals plass for både born og vaksne. Og som tidlegare år sytte Sunnylven skulekorps for tonefylgje med fleire av dei fine julesongane. Skulekorpset var for høvet forsterka med tidlegare musikarar som ikkje er faste medlemer i korpset lenger.

Lysmesse

Til slutt på 1. søndag i advent tok mange turen til lysmesse i Sunnylven kyrkje. Kjekt å høyre ungdomskoret Joyful med dirigentar igjen som framførte fleire songinnslag, det var lystenning og skriftlesing av konfirmantane, og på orgel og piano spela Gunnar Inge Eide. Preika var ved pensjonert prest Nils Beite, og offeret gjekk til Kyrkjelydsarbeidet i Sunnylven.

I kyrkja blir det julekonsert med gode song –og musikkrefter søndag 15. desember, og det blir familiegudsteneste julaftan, tysdag 24. desember klokka 16.00 ved prestevikar Ann Kristin Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380