Vi bygge toalett på badestranda
På vegne av badehusstyret i Hellesylt Ungdomslag har leiar Asle Ringdal sendt inn merknad til arealplan for Hellesylt. HUL ønskjer å få reist eit toalettanlegg i området ved badestranda på Hellesylt.
-Hellesylt Ungdomslag har planar om å få sett opp eit toalett i området nær badestranda. Dette for å unngå at enkelte brukar området rundt badestranda til naudsynte ærend, heiter det i merknaden.
Langt til kaihuset
-Det viser seg at ein i liten grad brukar toaletta i kaihuset, avstanden er nok for stor. Kva som er årsaka til dette er usikkert, men løysinga er nok å få opp eit toaletthus i øvre del av plenen opp til fjellet, står å lese i skrivet frå badehusstyret.
Sjå plassering av toalett: https://kommunekart.com/klient/stranda/publikum?urlid=46d05ee6-7670-4328-93ea96ea594f9fa5
Stupetårn
I same merknad skriv styret at Hellesylt Ungdomslag ønskjer å setje opp igjen stupetårnet på Salthusberget. Dei er usikre på om det treng vere med som merknad til arealplanen, men tek det med. I ein kort historikk kring stupetårnet som kom tidleg på 1930-talet, står å lese at stupetårnet var starten på bademiljøet på Hellesylt, og at det var Dr. Torgersen som fekk bygdefolket til å reise det som satsing på å stoppe problem med tuberkulose.
Stupetårn på Salthusberget: https://kommunekart.com/klient/stranda/publikum?urlid=22fa7762-650b-4a04-ac6d-a4a8acd3acaf