Arrangerer sonerenn og Sunnylvscup på ski

Skigruppa i Sunnylven IL håper å kome i gong med rennkonkurransar, Sunnylvscup på ski torsdag 6. februar, og laurdag 8. februar då det også er invitert til sonerenn i Hyttehola.

Sunnylven IL inviterer til sonerenn i Hyttehola laurdag 8. februar. Rennet tel også i Sunnylvscup på ski for alle klasser, med eller utan tidtaking

Det har vore lite snø i løypene i Hyttehola i vinter, og Sunnylvscup på ski er ikkje komen i gong enno. Men no håper skigruppa på meir vinterleg ver og på konkurransar i langrenn.

Sunnylvscup torsdag 6. og laurdag 8. februar

Torsdag blir fyrste renn i Sunnylvscup på ski arrangert i Hyttehola i fristil. Og laurdag 8. februar inviterer Sunnylven IL, skigruppa til sonerenn i langrenn. Dette rennet tel også som renn i Sunnylvscupen på ski. Sonerennet i Hyttehola er for deltakarar frå Sunnylven, Stranda og Sykkylven, men arrangøren har sendt ut invitasjon til naboklubbar og håper på deltaking også der i frå, opplyser skigruppa.

Rennet går i fristil, alle klasser, individuell start og over mellomdistanse. Rennstart er kl. 12.30. Det blir full premiering. Rennkontor, premiering og kiosksal foregår i klubbhuset i Hyttehola.

Send påmelding til sonerennet til : Linn Kammen på e-post: linnkammen@hotmail.com, eller mob. 908 27 196 innan onsdag 5. februar kl. 20.00.

Deltakarar i Sunnylvscup på ski kan melde seg på ved start, og det er valfritt med tidtaking eller ikkje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380