LokalnyttLokalsport

Avlyser renn i Sunnylvscup på ski 23. januar

Starten på Sunnylvscup på ski denne vinteren let vente på seg, men skigruppa håper på betring både av snøforhold og ver. (Foto: Sunnylvscup 2019)

Torsdag 23. januar skulle Sunnylvscup på ski starte opp med fyrste renn vinteren 2019/20. Grunna forholda og elendige vermeldingar blir rennet utsett inn til vidare, melder skigruppa.

Det har blitt ein vanskeleg vinter for skigruppa og Sunnylvscup på ski. Både mangel på snø og håplause verforhold har gjort at skicupen ikkje er komen i gong enno. Også det planlagde rennet torsdag 23. januar er avlyst.

Skigruppa skal ha styremøte i veke 5., får vi opplyst. Der blir det drøfta korleis ein skal få avvikla årets Sunnylvscup på ski. Vi kjem tilbake med informasjon frå styremøtet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380