LokalsportNotiser

Ivar Fivelstad skaut til bronse på samlagsstemne

Ivar Fivelstad, Sunnylven skyttarlag skaut til bronse under samlagsstemnet i Langevåg søndag. (Foto frå arkivet)

Årets Samlagsstemne på 15 m miniatyr vart arrangert av Langevåg Skytterlag søndag 26. januar. Stemnet samla 76 skyttarar frå åtte skyttarlag i Sunnmør Skyttarsamlag.

 Av Sunnylven Skyttarlag

Heilt til topps i klasse 3-5 gjekk ikkje uventa Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal og Skodje Skytterlag med poengsummen 345. Ho vann med 2 poeng føre Are Hestetun, også han frå Engesetdal og Skodje Skytterlag. Bronsemedalje gjekk til Ivar Fivelstad frå Sunnylven Skyttarlag med 342 p.

Av andre resultat av skyttarar frå Sunnylven Skyttarlag tek vi med at i KL 3-5 vart Kristian Frøysadal Hauge nr 5 med 341p. Dag Andre Hauge nr 9 fikk 340 p og Ola Vangen nr 13 med 337 p.

Kl. 2 vart vunne av Mona S. Reiten frå Hildre og Brattvåg Skyttarlag med poengsummen 342. Roger Vangen, Stranda Skyttarlag kom på bronseplass med 337 p.

Klasse 1 vart vunne av Kirsti Frøysadal Hauge Sunnylven Skyttarlag med 245 p.

Klasse V/73 vart vunne av Oddmund Nilsen frå Langevåg Skyttarlag med poengsummen 347,. Her vart Oddmund Fivelstad nr 6 med 337 p.

Juniorklassa16-17 år vart vunne av Ola-Johan Dydvik frå arrangørklubben Langevåg med 348 p. Her vart Isak Frøysadal Hauge nr 3 med 342 p.

I Eldre rekrutt klassa 14-15 år vart det også heimesiger med flotte 350 p. til Langevågs superskyttar Nora Sæterøy Høybakk. Her vart det sølvmedalje til Sunnylven sin Ørjan Frøysadal Hauge med gode 348 p.

Lagskyting for KL 3-5 vart vunne av Engesetdal og Skodje Skyttarlag 3 p. føre Sunnylven Skyttarlag, med Ivar Fivelstad, Kristian Frøyadal Hauge og Dag Andre Hauge som teljande  på sølvplass.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380