Bygdemøte om strategisk næringsplan (SNP).

Stranda kommune har utarbeidd eit forslag til strategisk næringsplan. Kommuneplanutvalet gjorde 20.01.2020 vedtak om at planen skal leggast ut for høyring i seks veker frå vedtak.

(Melding frå Stranda kommune)

For å gjere folk meir merksame på planen, og kor viktig det er at folk engasjerer seg i saker som har med næringsutvikling å gjere, har kommunen bestemt seg for å halde orienteringar i kvart av bygdelaga. Det vonar vi også gir eit betre grunnlag for å kome med innspel til planen.

Vi har sett opp følgjande plan for møta:

*Stranda       : 10. februar, kl. 17:00, Storfjord kulturhus

*Liabygda     : 10. februar, kl. 20:00, Trollbryggeriet

*Geiranger   : 12. februar, kl. 20:00, Norsk Fjordsenter

*Hellesylt    : 18. februar, kl. 20:00, Sunnylven samfunnshus

Planen er lagt ut på heimesidene til Stranda kommune: https://www.stranda.kommune.no/offentleg-utlegg/hoyring-av-kommunedelplan-strategisk-naringsplan-snp.10185.aspx

På møta vil vi gjennomgå bakgrunnen for og måla med planen, og ta opp problemstillingar som vi meiner er viktige å få innspel på før vi legg den fram til endeleg godkjenning.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380