Coop Marknad Hellesylt held søndagsope

Butikksjef ved Coop Hellesylt Michelle de Vries har innført søndagsopen butikk i vinter.

Hellesylt har fått heilårsopen butikk. I tillegg til vanlege opningstider hos Coop Marknad blir det i vinter open butikk også på alle raude kalenderdagar.

Butikksjef ved Coop Marknad Hellesylt, Michelle de Vries ønskjer å gje handlande og Hellesylt eit nytt tilbod og har innført open butikk også på raude kalenderdagar frå nyttår. Fram til 1. april, då turistferja mellom Hellesylt og Geiranger er tilbake blir butikken open mellom 14.00 og 18.00, etter det blir opningstida utvida, seier ho.

Butikksjefen var usikker på om det var lov med søndagsopen butikk og kontakta fylkesmannen i fjor haust. Det viste seg at Hellesylt og Geiranger som turiststader har hatt slik løyve heilt frå 1999. Og med løyve frå høgste hald innan Coop-kjeda har butikken på Hellesylt innført fire timar ope på alle søndag –og heilagdagar fram til april.

Open butikk heile året er eit prøveprosjekt i vinter, seier de Vries, eit tilbod fleire nytta seg av den fyrste søndagen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380