Lokalnytt

Får løypeskiljarar frå lokal bedrift

Knut Dag Langeland til venstre og Kjell Sindre Opsvik med eksemplar av løypeskiljarar som AS Formvac på Hellesylt produserer, og som dei sponsar Sunnylven IL med til sterkt redusert pris.

Sparebanken Møre har tidlegare bidrege med store gåvebeløp til anlegga i Hyttehola, men banksjef Stig Tryggestad kom ikkje tomhendt til opningsfesten for anlegga til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag.

Under opningsfesten for ny garasje, tidtakarbud og klubbhus i Hyttehola overrekte banksjef Tryggestad nye gåver til laga bak fleirbruksanlegget, 20.000.- kroner til både Sunnylven IL ved skigruppa, og det same til Sunnylven skyttarlag.

Skigruppa sitt beløp var øyremerka til løypeskiljarar, og skulle produserast ved AS Formvac, ei lokal bedrift. No er plast /vakuumbedrifta i gong med produksjonen. Til Sunnylven IL skal det leverast 200 stk. løypeskiljarar i raud plast med Sparebanken Møre sin logo i blått, fortel Knut Dag Langeland ved bedrifta.

Sponsar idrettslaget

Løypeskiljarar er eit av mange produkt som AS Formvac produserer og som det går ut jamt av kvar vinter. Dette er eit produkt som bedrifta har utvikla sin eigen modell av. Til Sunnylven IL blir løypeskiljarane levert til sterkt redusert pris, på den måten ønskjer vi også å vere med på å støtte satsinga deira i Hyttehola, seier dagleg leiar Kjell Sindre Opsvik ved AS Formvac.

Av resirkulert plast

I fjor vart det levert mellom 3-4000 stykke løypeskiljarar til klubbar og idrettslag rundt om i heile landet, laga i raud eller blå resirkulert plast, dei er lette å handtere og toler alle verforhold, fortel Opsvik ved AS Formvac som leiar ein av dei største arbeidsplassane på Hellesylt med 12 fast tilsette.

Passert 4000 former

AS Formvac produserer ei lang rad produkt i vakuumforma plast etter ønskje frå kundane så difor har det blitt mange ulike former i produksjonen. -Frå starten i 1958 og fram til i dag har vi passert 4000, men i dag blir det nytta om lag 150 av dei i den automatiserte produksjonen. Dei største kundane er Glamox, Jet Vakuum, Hareid, og Westmekan i Nordfjord. AS Formvac hadde ein omsetningsauke på heile 30 prosent i fjor, fortel Kjell Sindre Opsvik.

Les meir om bedrifta på Hellesylt her: https://www.formvac.no/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380