Fekk ver og skiføre på Overøye.

Liabygda IL og Stordal IL langrenn var arrangørar av KM sprint, 6. renn i SBM Cupen, og sonerenn for 10 år og yngre. Snø fann dei på Langsætra og arrangerte godt.
I skianlegget i Liabygda var snøen borte, der som mange andre stader. Men på Langsætra / Overøye fann arrangøren både snø og gode løypetrasear. Og med eit sjeldan bra ver vart det eit godt skiarrangement med gode arrangørar og 104 løparar til start.
Mellom desse var åtte frå Sunnylven IL i alder 4 år til og med 13 år. Alle deltok i sonerennet denne gongen, men kanskje freista deltakinga til nye renn og konkurranse i årsklasser seinare. I alle fall, det er mange sesongar sidan Sunnylven IL var representert med åtte løparar i langrenn. Dei fleste frå Sunnylven på Fisher, Madshus eller eit anna skimerke konkurrerer i skiskyting og gjer det ofte bra. Men også då er kondisjon og teknikk viktig for gode resultat, så å delta også i langrenn bør vere bra om ein vil bli god. På Langsætra vart det ein kjekk dag med startnummer på brystet.
Arrangørklubben Stordal IL fekk to KM-vinnarar ved Lone Lorgen Øvrebust i K17, og Live Johanne Vestre i K19/20. Også Hedda Johanne Schreijer Stranda IL i J16 henta heim KM-gull. Alle resultat ligg på nettsida til Møre og Romsdal skikrets, langrenn.