Fortsatt rådmann i Stranda

Åse Elin Hole har, også etter eige ønskje stillingstittel som rådmann i Stranda kommune.

På møte i formannskapet måndag 20. januar drøfta formannskapet om Stranda kommune skulle endrar stillingstittelen rådmann til kommunedirektør. Det vart inga endring.

Formannskapet i Stranda heldt sitt møte i lokala til fleirbruksanlegget i Hyttehola i Sunnylven måndag. Mellom sakene var endring av stillingstittel frå rådmann til kommunedirektør for Åse Elin Hole.

Å endre tittelen rådmann til kommunedirektør er tilrådd i den nye kommunelova og har som formål å få ein meir kjønnsnøytral tittel på kommunane sin øvste administrative leiar. Det har så langt vore opp til kvar enkelt kommune kva tittel som blir nytta, men departementet oppmodar kommunane til å bruke tittelen kommunedirektør, ein tittel som alt er i bruk av fleire kommunar, står å lese i saksutgreiinga.

Saka vart drøfta, men formannskapet valde å halde på den gamle stillingstittelen rådmann. Vedtaket var samrøystes. Saka kjem opp i kommunestyret til endeleg avgjerd på møte 29. januar, men det er sjeldan kommunestyret gjer om samrøystes vedtak i formannskapet..

I Hyttehola fekk formannskapet og andre frå kommuneadministrasjonen orientering og omvising i dei nye lokala til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380