Gjekk tre gode renn på Lygna.

Kristine Hjellbakk Hole gjekk tre gode renn på Lygna, Søndag kom ho på 28. plass i 7.5 km. fristil. (Foto frå arkivet)

Norgescup langrenn vart avslutta på Lygna skisenter søndag i fristil over distansar på frå 7.5 til 15.0 km.

Kristine Hjellbakk Hole i K18 har representert Sunnylven IL og gått tre distansar under NC på Lygna. Fredag vart det 28. plass på 5.0 km. klassisk, under sprint i same stilart på laurdag kom ho på 36. plass, 1.7 sek frå ein plass mellom dei 30 fyrste, og søndag avslutta ho med nok ein 28. plass på 7.5 km. fristil. Sluttida 22.03.8 var 2.28.0 etter skuleveninna på NTG/L Anna Heggen, Svea skilag. Ho vann klassa, og var suverent best saman med Maria Hertz Melling, Konnerud.

Konkurransen på juniornivå i Norge er hard, og resultatlista frå rennet søndag viser at halvminuttet raskare hadde gjeve 12. plass for Kristine. Vi har prøvd å få kontakt med langrennsjenta som representerer heimeklubben sin på ein flott måte, men lukkast ikkje. Men far Hans svara på telefon på heimveg i bilen over Lesja. Han kunne fortelje at Kristine var berre måteleg nøgd med plasseringane, på eit skiføre som ho ikkje lika så godt. Løyper med oppfresa frosen snø vart lause og utfordrande, men sjølvsagt likt for alle. Sjølv tykte han prestasjonane hadde vore gode i konkurranse med dei aller beste i landet. Og tidsmessig var det snakk om halvminuttet og det kunne ha blitt 10-15 plassar høgare på resultatlista.

-Det blir trena godt, også med vekter på NTG/L. Eg synest Kristine har gjort store framsteg teknisk, spesielt i klassisk stil så resultata vil nok kome snart. Eg trur ho har noko på gang, seier Hans Hole.

Dei neste konkurransane for Kristine Hjellbakk Hole blir lokale renn på og kring Lillehammer, og neste Norgescup i Holmenkollen i midten av februar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380