Lokalnytt

Glatt på fylkesveg 60 i Sunnylven

Her var det glatt så dermed måtte kjettingar på

Like forbi Lillebø på fylkesveg 60 i Langedalen var trafikale problem grunna glatt vegbane fredag .

Alle foto: Iris Fivelstad

Fleire store bilar hadde problem med i kome seg opp Lillebøbakkane like etter krysset på Tryggestad og fylkesveg 60. Nedbør førte til speglblank vegbane, og dermed var det berre å leite fram kjettingar for dei store bilane. Mindre bilar med gode piggdekk kom forbi i den eine køyrebana som var opa.

Også i Sveabakkane nærmare Hellesylt måtte større bilar legge på kjettingar, så ein runde med strøbilen hadde vore bra, meinte vår tipsar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380