Lokalnytt

Godt årsresultat for Sparebanken Møre

Sparebanken Møre har lagt bak seg eit nytt, godt år med vekst og lave tap. Utbytte på eigenkapitalbevis er godt, og avsetjingar til kultur, idrett og andre ideelle formål er 176 mill. kroner.

Sparebanken Møre kom ut med eit årsresultat på 711 mill. kroner etter skatt, ein auke på 18.3 prosent frå året før, viser dei førebelse tala frå banken.

Det gode resultatet gjer at styret foreslår for generalforsamlinga eit kontantutbytte pr. eigenkapitalbevis på 17.50 kroner. Også lag og organisasjonar kan glede seg over det solide årsresultatet til Sparebanken Møre. Styret gjer framlegg om at det blir avsett 176 mill. kroner til kultur, idrett, nærmiljø, infrastruktur, kompetanse og næringsutvikling.

Aukar innan næringsliv

Sparebanken Møre har hatt auke i marknaden innan næringsliv på 9.8 prosent det siste året, og for personmarknaden har veksten vore på 4.5 prosent.

Utsiktene framover kan tyde på ein moderat produksjonsvekst med lave renter, ein svak kronekurs og vekst i eksportmarknaden. Og usikkerheit kring Brexit og handelskonflikta mellom USA og Kina ser ut til å vere redusert, står å lese i informasjonen om drifta i Sparebanken Møre i 2019.

Heile rapporten kan ein lese her: https://www.sbm.no/nyhetssenter/nyheter/sterkt-arsresultat-kommer-regionen-til-gode/25/22282/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380