Hellesylt Utvikling inviterer til årsmøte

I haust vart det valt eit interimstyre for å førebu det fyrste ordinære årsmøte i Hellesylt Utvikling, laget som sist haust vart vedteke å skipe i staden for Hellesylt Næringslag.
I oktober i fjor vart det kalla inn til årsmøte i Hellesylt Næringslag. Der vart det vedteke å legge ned næringslaget og skipe eit nytt som fekk namnet Hellesylt Utvikling. Det vart valt eit interimstyre på fem personar til å førebu det fyrste ordinær årssamling i laget.
Arbeidet i interimstyret er no kome så langt at det blir kalla inn til årsmøte måndag 17. februar klokka 20.00 i den vesle salen på Sunnylven samfunnshus. Her blir det val av styre og drøftingar kring oppgåver Hellesylt Utvikling skal jobbe med.
Bente Bonsaksen har vore med i arbeidsgruppa. Ho opplyser at dei på årsmøtet kan legge fram forslag til medlemer både til hovudstyre, varamedlemer og revisor. No oppmodar ho bygdefolket til å møte fram på årsmøtet og kome med synspunkt og idear på kva laget skal ta fatt på og jobbe med.
– Vi oppmodar alle som har tankar om ting som skal endrast til det betre om å møte på årsmøtet. Konseptet er i støypeskeia så idemyldring er viktig no i startfasen. Arbeidsgruppa har hatt tankar om å få til ei ide –og myldringsgruppe som får høve til å møte på styremøter for å legge fram sine saker. Også slike tankar må vi drøfte på årsmøtet. Optimismen rår og det nye laget må hjelpe til å skape og framsnakke ei levande bygd med aktivitet, tilbod og nye arbeidsplassar Vi må jobbe for utvikling i staden for avvikling, det må vere målet for arbeidet i Hellesylt Utvikling, seier Bente Bonsaksen.
RETTING: hellesylt.info har skrive at Hellesylt Næringslag er nedlagt. Dette er feil, laget har berre skifta namn til Hellesylt Utvikling, har vi fått oss fortalt. Vi beklager !