Notiser

Kløvertur i fint januar-ver

Her blir namn notert i trimboka på Shell for nokre av deltakarane på Kløverturen.

Kløvertur med Sunnylven sanitetslag onsdag kveld fekk fint ver. Plussgrader, vindstille, ikkje nedbør og flaumljos frå Hellesylt stadion som lyste opp det meste av turen.

Seksten personar kom til sentrumstrimmen med sanitetslaget onsdag kveld. Det var litt mindre enn det brukar å vere, kanskje var det handballkamp på Tv som var årsaka. Som vanleg gjekk turen frå kyrkjelydshuset til Shellkaia og tilbake, til servering av god og sunn kveldsmat.

Neste Kløvertur er ikkje bestemt enno, men truleg i februar.

RETTING: Det var 20 som deltok på Kløvertur 22. januar!!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380