KM-helg i skiskyting på Ullsheim

Elias Helset gjekk inn til 4. plass laurdag og 3. plass på sprint søndag.. Vinnar sndag vart Marius Sætre Hove Volda Turn og IL.

Laurdag 18. januar var det KM i skiskyting på Ullsheim med Markane IL som arrangør. Mellom 70 og 80 løparar stilte til start under normalprogrammet.

Alle foto: Gunnar Fivelstad.

Ullsheim er eitt av få skianlegg i Nordfjord/Sunnmøre som har brukbare forhold med snø for ski –og skiskyting. Laurdag var verforholda sterkt varierande då KM-starta med normalprogram starta. Både regn og spesielt vind gjorde det vanskeleg for deltakarane der mange pådrog seg bom og strafferundar.

76 løparar i alle klasser frå G10 nybyrjarar til M senior fullførte konkurransen laurdag. Sunnylven og Volda tilhøyrer Sogn og Fjordane skiskyttarkrins. Frå Sunnylven IL deltok ni løparar, alle i dei yngste klassene. Vi tek med klassevinnarar og resultat for Sunnylven IL sine deltakarar.

I G13 var Johannes Friestad, Sunnylven IL einaste deltakar og kom i mål til tida 17.41.4 (2*4)

J11: 1. Ida Frøysland, Førde IL 10.49.9 (0*0) nr. 5. Ingeborg Fivelstad Stadheim, Sunnylven IL 15.35.3 (1*1), nr. 7. Marta Friestad, Sunnylven IL 18.45.3 (3*5)

G11: 1. Oskar Ringdal, Sunnylven IL 13.33.2 (2*2) nr. 3. Sander Sjåstad Hole, Sunnylven IL 16.43.1 (4*4) nr. 4. Kristen Brenne Ringdal, Sunnylven IL 17.01.6 (2*3)

G12: 1. Truls-David Takle Tytingvåg, Hardbagg IL 11.19.7 (1*0) nr. 4. Trym Helset, Sunnylven IL 14.14.2 (3*0)

J13: 1. Mia Melheim Espe, Stårheim IL 16.47.5 (3*3) nr. 4. Sofie Kjellstad, Sunnylven IL 22.42.8 (4*3)

G15: Torje Seljeset, Markane IL 23.00.7 (4*3) nr. 4. Elias Helset, Sunnylven IL 26.12.4 (4*3)

Ingeborg Fivelstad Stadheim skaut godt på laurdag, men det klaffa ikkje like godt søndag.

Sprint søndag

Søndag heldt skiskyting på Ullsheim fram med sprint. Vi tek med omtale av løparar frå Sunnylven IL.

I G15 vart det 3. plass og bronse på Elias Helset. Ein flott prestasjon. Også Oskar Ringdal i G11 gjekk eit nytt, godt renn og inn til 2. plass og sølv, med Sander Sjåstad Hole på 3. plass.

Ingeborg Fivelstad Stadheim skaut godt laurdag, men søndag klaffa det ikkje like bra. Det vart 7. plass til slutt. Trym Helset i G12gjekk inn til 4.plass på sprinten.

Nye deltakarar frå Sunnylven IL på søndag var Tuva Marie Korsbrekke og Therese Støverstein. Dei deltok i J10 nybyrjarar og eldre, og viste godt talent for den krevjande sporten skiskyting.

Oskar Ringdal fekk andre premie, og Sandre Sjåstad Hole tredje på søndag. Jesper Svarstad Hole Markane IL vart nummer 1.

Therese Støverstein t.v. og Tuva Marie Korsbrekke deltok begge i J10 nybyrjarklassa.

Trym Helset vart nr. 4. både laurdag og søndag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380