LokalnyttLokalsport

Norgescup i langrenn junior på Lygna

Sunnylven IL har ein sterk representant under NC langrenn for junior i Kristine Hjellbakk Hole, Fredag startar det med 5.0 km. klassisk.

På Lygna skisenter er det Norgescup i langrenn for junior til helga. Fredag 10. januar startar med intervallstart i 5.0 / 10.0 km. klassisk.

Sunnylven IL er representert med Kristine Hjellbakk Hole i K18, til dagleg elev ved NTG-Lillehammer. Saman med far Hans Hole er Kristine på plass og klar for start. Klokka 13.58 legg ho ut i løypene på 5.0 km. klassisk fredag.

Litt spent på forma etter ei lita forkjøling i jula, men som no er borte, seier Hans på telefon frå eit snøfattig Lygna i fint ver. Det er meldt 4-5 minusgrader for fredag så han trur det blir skarpt føre, kanskje med skareklister under skia. Sjølv har han lang og god erfaring med preparering av ski, men siste avgjerd om feste på klassisk blir gjort i samråd med smørjarar frå NTG, seier han.

Hundre løparar deltek i Kristine Hjellbakk Hole si klasse, K18. I alt er det påmeldt rundt tusen gutar og jenter i NC junior denne helga der det blir konkurrert i 5.0 / 10.0 klassisk fredag, sprint klassisk laurdag, og 7.5 / 10 / 15 km. intervallstart fristil søndag.

I tillegg til Kristine Hjellbakk Hole NTG/L-Sunnylven IL er Møre og Romsdal representert med Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL, Live Vestre Røkke, Stordal IL, Adrian Flote, Hovdebygda IL, Håkon Kjerstad, Emblem IL, Eskil Linge Glomnes, Valldal IL.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380